Lokal forskrift for Vanylven kommune.
Brannsjefen i kommunen skal ha melding om jonsokbål og brenning av andre typar bål heile året.
Små turbål er unnteke dersom bålet openbart ikkje kan føre til brann, til dømes i strandkanten etter at det har vore nedbør.
Frå 15. april til 15. september er det ikkje lov til å gjere opp eld (bål, grill eller liknande) i skogmark utan løyve frå brannsjefen i kommunen.
Meldingar om bålbrenning i denne perioden (mellom 15. april og 15. september) må derfor grunngjevast særskilt.
Det blir unntak for det generelle bålforbodet for jonsokbål i tidsrommet 16. juni til 1. juli.
Den som brenn bål er ansvarleg for å vere til stades under bålbrenninga, syte for at bålet vert forsvarleg sløkt, og generelt ha kontroll på bålet heile tida.